1991 Mercedes E230 W124 innkjøpt.
W124 er av enkelte betegna som det beste Mercedes har produsert.
Gode eksemplar er starta å stige i pris, dei tvilsome blir brukt opp.
Kilometerstand på denne er 252000, minimalt med rust og eit bra utgangspunkt.
Planen er å ha den så orginal som råd, men interiøret er bytta til skinn frå 500e sportline.
Denne er derfor kun registrert som 4 seter, med armlene forran og bak.
Bilen har tidligare hatt senkesett som no er bytta til vanlig fjæring.
Her må ein firhjuls kontroll til for å få rett Mercedes følelse tilbake.
lørdag 11. februar 2017
tirsdag 31. mai 2016
Buick Skylark 1986
Veteranbilen
Tilbehør frå 80 tallet.
Tilbehør frå 80 tallet.
Denne har til no blitt ståande i påvente av tid.
No var tida komt og det var på tide med ein EU kontroll.
Trafikkstasjonen vart oppsøkt og prøveskilt innkjøpt.
Fikk under tvil kjøpe for 2 dagar, 1 for prøving og det andre for feiling, eller eu kontroll.
Ny olje vart påspandert, Royal Purple 10w40 i rett mengde stod klar.
Motoren fikk gå på tomgang i verkstaddøra i påvente av rett driftstemperatur.
Satte meg i førarsetet og trakka bremsepedalen inn for å sette den i drive.
Den botna og gav ingen motstand, bak bilen var det no ein liten frisk bekk av bremseveske.
WTF, var nærliggande å sei, men....
Utan bremser vart eu kontroll lite aktuelt. Løfta opp bilen og fann ut at ein bøy på bremserøret var årsaka. Klemme på slangen stoppa vidare lekkasje og ekstra hjelp vart kalla inn.
Bytting av heile røret var ikkje noko alternativ, så skøyting av røret vart løysinga.
Lufting og pumping gikk bra utanom på venstre bakhjul, der sat lufteskruen fast.
Nye band og sylindrar bak er no i bestilling, for å bedre bremseffekt.
Bilen var no kjørbar og raude dyrkjøpte skilt, vart påsett og prøvetur påbegynt.
Det meste virka no som det skulle og det var mulighet for at kontroll kunne gjennomførast som planlagt.
Vel heime på tunet att, fann bilen brått ut at no var det på tide å late vatnet.
Ein stor dam med vatn og glykol openbarte seg under, og så tok den middagskvil i form av at motoren stoppa. På ny var WTF nærliggande.
Å starte bilen på ny var fånyttes, så minstemann vart sett til å styre medan far og mor skubba den til verkstaden på ny.
Såg ut til at det var eit rør i bakkant av motor som har teke kvelden.
Dette må undersøkast betre før delar kan bestillast, og bilen har no havna tilbake på sin vante plass i påvente av bedre tid.
Eu kontroll er utsett på ubestemt tid og prøveskilt ligg ubenytta.
Det burde vore ei panteordning for desse raude dyrkjøpte skilta, slik at vi som skal forsøke å få til ting i siste liten kunne ha ein angreknapp.

1986 Buick Skylark 3.0 V6
Eu kontroll er utsett på ubestemt tid og prøveskilt ligg ubenytta.
Det burde vore ei panteordning for desse raude dyrkjøpte skilta, slik at vi som skal forsøke å få til ting i siste liten kunne ha ein angreknapp.
Etiketter:
bremsefeil,
bremserør,
buick,
eu kontroll,
lekasje kjøleveske,
prøveskilt,
skylark,
veteran
tirsdag 2. juni 2015
Bensin lekasje
Vår og oppstart av Sierra.
Litt smårusken gange, men starta etter nokon forsøk.
lukta noko bemsin, men ikkje meir enn kva som er normalt for ein 30 år gammal Ford.r
Eu kontroll og skilter innan rekkevidde.
Gassresponsen var heller dårlig, og sjølv med varm motor var det lite respons ved å trakke på gasspedalen.
Ein kikk under panseret avslørte syndaren, bensinlekasje på venstre side av forgassaren.
Over 30 år gamle membranar er ikkje det dei var og, ny akselrasjonspumpe måtte bestillast
Ford burde vere kurant å få delar til, i alle fall til ein Weber 2 port så ein kjapp telefon til Ford burde ordne saken.
Nei, der var det ingen hjelp. Muligens at det kunne vere mulig at det kanhende låg att ein slik i ei hylle, men burde nok muligens ta med heile til butikken for å vere sikker.
Søk på nettet gav heller ingen umiddelbare resultat, eit søk på weber gir mange treff, men sidan eg ikkje var på jakt etter ein ny grill var resultatet magert.
Løysinga vart ein telefon til Forgasserservice i Drøbak, og Kjell Byman.
Han hadde pakningsett liggande, og skulle sende det i posten.
Etter 4 dagar låg ein konvolutt i kasse inneholdande deler som behøves for å få den gamle Forden i form.
Montering er påbebynt, bilder og oppdatering følger.....

Demontert forgassser, tydelig bensinlekasje
ny og gamal akselrasjons membran
tilbake på plass, med nye pakningar
Ferdig, gå problem løyst.
Kostnad 789.- verdi =ubetalelig.
søndag 4. januar 2015
Tilbake til veien II
Ford Sierra 83.
Framdrifta har ikkje blitt heilt som planlagt, men har no fått gliset på bukken og fått sett over kor stålmarken har herja.
Ser faktisk ikkje så galt ut, men 2 hol måtte bøtas på .
Legg her inn bilder før og når det er delvis nedslipt og klart for grunning. Neste prosjekt er å bytte bremseskiver forran og mansjettar på styring.

Hol i hjulbuekant og over jekkfeste.
Ferdig slipt og tilpassa plater
Ellers er ikkje bilen så verst for rust.
Ford har som dei fleste veit noko ømtålig plast, blinklyset på venstre side hadde fått knekt eit feste
og det er ganske vanlig. Ein tilfeldig visitt i garasjen resulterte i kjøp av brukt blinklys til kun kr50.-
Greit med ikkje unike bilar, når ein behøver deler.
mandag 1. september 2014
Qmi Motorvask og Motorbehandling på 2003 Toyota Corolla
Min svogers 03 Corolla har blitt benytta til og fra jobb i 4 år, kun ca 2 mil pr dag og lite belastning på motor.
Den seinare tid har den blitt latare og meir "Røring i bensinen" i form av hyppig girskift har blitt vanlig.
Ved siste oljeskift vart det benytta billigolje, sidan det var sommar og lett bruk.
Motoren er en 110 HK og skal vere sprek nok til dei fleste oppgaver, noko tikking kom og etter billigoljen.
Motorvask:
Bilen gikk på tomgang i 20 minutter med tilsetting av Qmi motorvask 80% av flaska benytta.
Bilen vart løfta opp og gammal olje tappa av og oljefilter skifta.
Royal Purple 10W40 påfyllt samt tilsatt Qmi motorbehandling.
Motoren start lett, og etter ca 1 minutt ramla turtallet frå 900 o/min til 600o/min.
Svoger tok bilen på testtur i 20 minutter før etterfylling av olje.
Umiddelbar effekt :
Kan la bilen gå på 50km/t og auke i slakk motbakke.
Bilen går lett på 3 gir der det før har måtte benyttas 2. gir
Roligare gange, mindre rykking ved gasspådrag.

tirsdag 17. juni 2014
83 Sierra tilbake til veien
Etter ei mindre feilsøking, og lading av batteri vart nøkkelen vridd til start.
Etter kort kinnig vart det liv, ikkje verst for en bil som har stått i ro i snart 7 år.
Noko tikking var det, så den gamle oljen er tappa av. Motoren skal få ein innvendig motorvask frå Qmi samt ei motorbehandling.
No går den på delsyntetisk motorolje frå Biltema, ein utvendig vask av bil og motor er og på planen.
Rust i bakkant av kanalar skal reparerast, og dei gamle leatherlook setetrekka skal demoterast.

fredag 23. mai 2014
Kjøp av veteran Ford Sierra
1983 modell Ford Sierra 2.0 Gl
Kmstand er ukjent men 300000 norske vestlandsvegar er nok på telleren.
Bilen har stått i ei garasje i 6,5 år i påvente av at eigar skulle få tid til å sette den i stand, eit ikkje ukjent fenomen.
Bilen er i dag utan batteri og er ikkje starta opp, men har ekstra motor ved behov. Planen er å få denne til bruksveteran snarast men med ei løpande oppgradering etter behov. Bilen ser overaskande bra ut for rust og bulkar, ikkje verst for over 30 år i tjeneste.
Følg med neste bolkjen..

Abonner på:
Kommentarer (Atom)