mandag 19. august 2013

Auka vrakpant. Til glede for nokon, til engstelse for bilhobbyen. 
Vrakpantan auka 1.Juli til kr 3000.-, dette er på tide seier nokon, slik at vi får vekk dei gamle skjemande vraka som står rundt i garasjer, uthus og hagar.
Dette er ofte bilar som vart sett vekk i påvente av bedre tid, bedre økonomi eller bedre plass for å reparere kjøretøyet slik at dei atter skulle kunne rulle på veien igjen.
I dagens samfunn er det knapt noko som lønner seg å reparere, og gamle rusta kjærligheter går ei skummel framtid  i møte. 

Sjølvsagt er det bra at det blir rydda opp og at miljøgifter ikkje havnar i naturen, men om vraka havnar på høggaren er tilgjengelige delar å verre å oppdrive.
Vi som då pusslar med gamle Opel, Ford og Buick eller kva det måtte vere får vesentleg dårligare tilgang på brukte delar, sidan dette ikkje lønner seg for høggaren å ta vare på.

"Skrotnissane" er og ei utdøande gruppe, der du tidligare kunne skaffe det du behøvde, eller kunne bli sendt vidare til ein som kjente ein som hadde ein svoger med delebil i hagen.
Det positive er at verdien på dei bilane som er att, vil stige.
Terskelen for inngang til bilhobbyen blir høggare og vanskeligare for framtidige bileigarar.
Håpet er at det finnes skrotnissar som kan samle på delar og plukke av pyntelistene på ein Fiat eller Lada slik at desse blir tilgjengelig på nettet for framtidige hobbybil eigarar.
Desse er og gode å ha når ein skal ha hjelp til å sette listene på att.

I desse dagar sel og Biltema ut bildelar til 1/2 pris for å sattse på Sykklar, hagemøblar etc.
Dersom du har gammal bil bør du sjekke deletilgangen før lageret er tomt.

Her kan du lese meir om Vrakpant

torsdag 1. august 2013

1986 Buick Skylark 3.0 V6

1986 Buick Skylark 3.0 V6 Selges. 15000.-  / bud. / bytte
Rød bil, rødt interiør. El. vindu, speil, antenne, sentrallås, ac, radio/kassett, +  +
Sommar og piggfrie vinterhjul.