Framdrifta har ikkje blitt heilt som planlagt, men har no fått gliset på bukken og fått sett over kor stålmarken har herja.
Ser faktisk ikkje så galt ut, men 2 hol måtte bøtas på .
Legg her inn bilder før og når det er delvis nedslipt og klart for grunning. Neste prosjekt er å bytte bremseskiver forran og mansjettar på styring.
Hol i hjulbuekant og over jekkfeste.
Ferdig slipt og tilpassa plater
Ellers er ikkje bilen så verst for rust.
Ford har som dei fleste veit noko ømtålig plast, blinklyset på venstre side hadde fått knekt eit feste
og det er ganske vanlig. Ein tilfeldig visitt i garasjen resulterte i kjøp av brukt blinklys til kun kr50.-
Greit med ikkje unike bilar, når ein behøver deler.



