Tilbehør frå 80 tallet.
Denne har til no blitt ståande i påvente av tid.
No var tida komt og det var på tide med ein EU kontroll.
Trafikkstasjonen vart oppsøkt og prøveskilt innkjøpt.
Fikk under tvil kjøpe for 2 dagar, 1 for prøving og det andre for feiling, eller eu kontroll.
Ny olje vart påspandert, Royal Purple 10w40 i rett mengde stod klar.
Motoren fikk gå på tomgang i verkstaddøra i påvente av rett driftstemperatur.
Satte meg i førarsetet og trakka bremsepedalen inn for å sette den i drive.
Den botna og gav ingen motstand, bak bilen var det no ein liten frisk bekk av bremseveske.
WTF, var nærliggande å sei, men....
Utan bremser vart eu kontroll lite aktuelt. Løfta opp bilen og fann ut at ein bøy på bremserøret var årsaka. Klemme på slangen stoppa vidare lekkasje og ekstra hjelp vart kalla inn.
Bytting av heile røret var ikkje noko alternativ, så skøyting av røret vart løysinga.
Lufting og pumping gikk bra utanom på venstre bakhjul, der sat lufteskruen fast.
Nye band og sylindrar bak er no i bestilling, for å bedre bremseffekt.
Bilen var no kjørbar og raude dyrkjøpte skilt, vart påsett og prøvetur påbegynt.
Det meste virka no som det skulle og det var mulighet for at kontroll kunne gjennomførast som planlagt.
Vel heime på tunet att, fann bilen brått ut at no var det på tide å late vatnet.
Ein stor dam med vatn og glykol openbarte seg under, og så tok den middagskvil i form av at motoren stoppa. På ny var WTF nærliggande.
Å starte bilen på ny var fånyttes, så minstemann vart sett til å styre medan far og mor skubba den til verkstaden på ny.
Såg ut til at det var eit rør i bakkant av motor som har teke kvelden.
Dette må undersøkast betre før delar kan bestillast, og bilen har no havna tilbake på sin vante plass i påvente av bedre tid.
Eu kontroll er utsett på ubestemt tid og prøveskilt ligg ubenytta.
Det burde vore ei panteordning for desse raude dyrkjøpte skilta, slik at vi som skal forsøke å få til ting i siste liten kunne ha ein angreknapp.

1986 Buick Skylark 3.0 V6