Hoppetusse
Min W202 eller c220 frå 1995 har etter kvart utvikla vibrasjons tendensar.
Har merka det spessielt rundt 80 km/t med gasspådrag og ved nedbremsing.
Automatkassa girar som den skal.
Det vart etter kvart irriterande moment i ein ellers grei bil.
Konstaterte etter å fått konsulent hjelp at feilen låg i hardy koblingane både ved girkassa og ved bakaksel.
Desse vart bestillt hos skruvat noog tok då og med lageret for mellomaksel når eg var i gang.
Den bakre gummiputa var det kun sprekker i, men den ved kassa var heilt utslitt og skruefesta hadde løsna.
For å komme til lageret måtte eksosanlegget demonterast, og beskyttelses deksel takast ned.
Lageret hadde og tatt kvelden og satt ikkje lenger fast i holdaren.
Nytt lager og koblingar vart bytta.
Nu er alt så meget bedre, bilen er fri for vibrasjon og har ingen risting ved pådrag eller opbremsing.
Kostnad med heile opperasjonen kom på under 3000.- og gav bilen ein heilt anna kjøyreopplevelse.
På bildet ser du korleis dei bytta delane såg ut.
Bilen er no klar for nye mil på landeveien.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar